Oversikt gullgruver

Kart-over-gruver

15

 

Utmålsforretningane brukar mange stadnamn som er i ferd med å forsvinna. I tillegg til å få fram lokale stadnamn, og dokumentera intensiteten av skjerping og utmålskrav, fortel gruvenamna ein eigen historie. Folk som arbeidde i gruvedistriktet vart oppkalla(spesielt engelske ingeniørar og direktørar), eigarane kalla opp gruvene etter seg sjølv og familien, kongelege namn og namn på politikarar og andre kjende folk i samtida var og mykje brukt. Dessutan gjev namn frå Noregshistorien og verdshistorien eit inntrykk av kva dei involverte var opptekne av og kven dei såg opp til.

Utmål og muting i Gullgruveområdet

Der ikkje anna er nemnd, er kjeldene gamle upubliserte protokollar frå Bergmeisteren (BACHKE/HOLMSEN, 1883–86). Dei som er merkt med * føre namnet, er avmerkt på kart, figur 30.

Der. 28. april 1883, administrerte Bergmeisteren i det Nordenfjelske Bergdistrikt, Anton Sophus Bachke, følgjande utmåisforretningar:

  1. *St. Olafs Grube på garden Uren

Rekvirent: Hotellvert I. Jonassen frå Haugesund. Ertsforekomsten er skildra som ein kvartsgong førande svovelkis og noko koparmalm i eit skiferbelte omgjeve av gabbro. Kvartsgongen var omlag 1/2 meter brei, strauk frå aust til vest og var den gong oppskjerpa av ei dagdrift på omlag 7 meter. Utmål gjeve ut frå jernbolt ved dagdrift og 280 meter mot aust langs strøket.

  1. *Haralds Grube (og kalla Harald Haarfagers Grube) på garden Uren 50 meter sør for St. Olafs Grube. Rekvirent: som ovafor.Om førekomsten er det skrive at den er ein 1 m brei kvartsgong i eit skiferbelte, og den fører svovelkis og koparkis. Den er paralell med gongen ovafor. Utmål vart gjeve frå sjøen og 280 meter langs strøket. Haraldsgongen vart anmeldt allereie 13. november 1881.

Den 12. juni, 1884 var bergmeister Bachke igjen på Lykling og fekk i stand utmålforretningar. Den dagen gjaldt det:

  1. *Dronning Sofies Grube på garden Uren.

Rekvirent: Hr. Joh. Jonassen i Haugesund.

«Dronning Sofie» var ein nord-sør gåande kvartsgong i gabbro, som dengong hadde ein 8 m djup synk. Ved denne vart det slege inn fem hol (: : ) og frå desse gjekk utmålet 45 m sørover mot bøgjerdet til Markaplasset, og 235 nordover langs strøket.

  1. *Sjygningshougens Ertsforekomst på garden Uren

Rekvirent: som for «Dronning Sofie» over. Ertsførekomsten var ein kvartsgong av variabel breidde i gabbro og strykande frå sør sør-aust mot nord nord–vest. Seks meter frå ei gamal dagstrosse, vart det slege inn eit merke (: : ) med ein jarnbolt i midten. Frå dette vart det målt 75 meter i søraustleg retning til eit fast merke 33 m frå steingjerdet ved Urastødl. Resten av utmålet gjekk frå det fyrste merket og 205 m nordover i strøkretninga.

  1. *St.Olaf Grubes søndre Sidegang på garden Uren ( sjå nr .1. )

Rekvirent: som nr. 1. Ertsforekomsten var ei kvartsdrum med spor av koparkis, som såg ut til å stryka i sørvestleg retning. Frå eit merke i gruvegongen vart det målt 25 m i sørvesteg retning mot sjøen, og 255 m i nordaustleg retning.

Bachke haldt fram dagen etter, 13. juni, 1884:

  1. *St. Olaf Grubes nordre Sidegang (sjå 1. og 5. )

Forekomsten var ei kvartsdrum med koparkis, strykande frå nord til sør nær St. Olafs Grube. Utmål vart gjeve ut frå ein jernbolt 16 m frå funnstaden, 75 m nordover og 205 meter langs strøket sørover.

  1. *Oscars Grube på garden Uren.

Rekvirent: John Daw på vegne av Oscar Goldmining Company

Ertsanvisningen var ei samling av kvartsdrummar i ein skifrig bergart som ligg i gabbro. Skifergongen stryk 60 grader mot aust, og gull var synleg. Utmålet vart gjeve ut frå eit merke (: : ) med ein jarnbolt i midten i ei liggjande sjakt i gruva. Det vart målt ut 175 m 60 grader aust, 25 meter i rett vinkel på dette til begge sider.

Den 14. juni 1884 haldt Bachke fram med utmålsforretningar:

  1. *Yorks Grube på garden Uren.

Rekvirent: som Oscarsgruva ovafor.

Førekomsten var kvartsdrummar i eit skifrig belte. Gull var påvist. Den var oppskjerpa ved dagstrosse og ein synk på omlag 5 m. Eit kors med ein bolt i midten og ein D vart slege inn 6 1/2 meter sør for den sørvestre stross i synken og ut frå dette vart det målt 97 1/2 m i nordaustleg retning parallelt med utmålet for Oscarsgruva. Vinkelrett på denne linja vart det mot grensa for Oscarsgruva sitt utmål målt 3 m og i mot nordvest 47 m.

  1. *Carl Johans Grube på garden Uren ved «Langkjærnet».

Rekvirent: A. Meling i Stavanger.

Førekomsten var ein temmelig mektig kvartsgong i sassurittgabbro strykande aust sør-aust til vest nordvest. Den førte koparkis, svovelkis, tellurvismut og gull. Den var oppskjerpa med ein synk på 12 m med eit tverslag mot nord på omlag 4 m. Ein A og eit kryss med ein bolt vart sett 80 m aust for synken. Herifrå vart det målt ut 280 meter eller til ein møter den vestlege grense for Reitans gang.

  1. Buchsgangen på garden Tverborgvik i Gapelskoghaug.

Rekvirent: Jakob Nilsen Nøkling.

Ertsførekomsten var paralell med Crofts Gang, og viste kvartsstriper i ein skifrig bergart i gabbro. Der vart observert svovelkis, og koparkis og det vart hevda at ցull var påvist. På vestsida av ei dagstrosse omlag 10 m frå «Adalsbekken» vart det slege inn eit kryss og ein bolt. Frå dette punktet var utmålet 175 m mot nordaust og 50 m mot søraust.

  1. *Djupevikens Grube på garden Uren.

Rekvirent: Societe des mines et usines de cuivre de Vigsnæs.

Førekomsten var ein kvartsgong stykande sør-sørvest til nord-nordaust. I ei liggjande drift vart det slege inn ein jernbolt og frå denne vart utmålet 20 m mot sør-sørvest og 155 meter i motsatt retning. I breidda vart det sett av 25 m til kvar side.

  1. *Udslettnæssets Grube på garden Tverborgvik.

Rekvirent: som ovafor for Djupvikens Grube

Førekomsten var ein kvartsgong med koparkis med retning sør-sørvest mot nord-nordaust. Den ligg i gabbro. Utmålet vart gjeve frå ein innslege bolt 20 m mot nord-nordaust og 260 m mot sør-sørvest.

  1. *Hougesunds Grube på gården Uren.

Rekvirent: Hr. Jonassen i Haugesund

Ertsførekomsten var ein kvartsgong av variabel breidde i gabbro og strykande 30 grader mot aust. Den var oppskjerpa ved fleire dagstrosser og førte gedigent gull, tellutvismut, kopar og svovelkis. Det vart slege inn ein bolt vest for gongen og hogd inn ein H på same stad. Frå dette punktet vart det målt opp i nordleg retning langs strøket 102 1/2 meter til Oscargruva sitt utmål. Frå same punkt vart det målt ut 177 1/2 meter i sørleg retning.

  1. *Hansens Grube på Tverborgvik

Rekvirent: Oscar Goldmining Company

Forekomsten var ein skifrig bergart, i gabbro, med einskilde kvartsstriper strykande omtrent aust–søraust mot vest-nordvest. I kvartsen var det påvist gull. Hundre og sju meter 30 grader austfrå utgongspunktet for utmålet til Oscarsgruva vart det slege 5 hol i fjellet (: : ) med boltar og bokstaven E. Frå dette punktet vart det målt ut 175 m i vest-nordvestleg retning og 25 meter til begge sider.

  1. *Murchinsons Grube på Tverborgvik, Kjendreiddalen.

Rekvirent: Oscar Goldmining Company

Ertsførekomsten var ein kvartsgong strykande frå sør mot nord. Gedigent gull var påvist. I sida på ei inndriven ort i ein kryssade kvartsgong vart det slege inn 5 boltar (: : ) og ein C. Herifrå vart det målt ut 280 m i nordleg retning.

16 Christensens Gang på garden Uren.

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Ertsforekomsten var kvartsdrummar med kisimpregnasjonar i serpentinisert gabbro. Strøket gjekk frå sørvest mot nordaust. Bergmeisteren fann at førekomsten bør granskast ytterlegare før ein gjev utmål og forretningen vart utsett.

  1. *Daw’s Gang på garden Uren

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Førekomsten var ein kvartsgong med kisimpregnasjonar. Den var paralell med Haugesundsgongen og gull var påvist. Fem boltar og ein F vart slege inn aust for funnstaden. Derifrå vart det målt ut 25 m etter strøket mot sør og 255 m mot nord.

  1. *Bødals gang på garden Uren.

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Førekomsten var kvartsdrummar i skifrig bergart i gabbro, strøk i austleg retning. Frå fast punkt for Oscargruva sitt utmål, vart det målt opp 175 m mot aust (kryss i fjell etter 130 m) og 25 m til til begge sider.

  1. Reitans Gang på garden Uren, vest for «Langkjærnet».

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Forekomsten er ein gong med kisimpregnasjonar i saussurerittgabbro. Frå vestenden av utmålet til «Langkjærnets Gang» vart nytt utmål gjeve ved 175 m mot vest og 25 m til begge sider.

  1. Nøklings Gang på garden Uren

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Gongen er lik Bødals Gang, men med eit meir nordaustleg preg. Frå fast punkt for Oscars Grube vart utmål gjeve som 175 m nordaustover og 25 meter til begge sider.

  1. Crofts Gang på garden Uren

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Gongen er lik Bødals gong men med eit meir austleg preg. Utmålet vart gjeve i same retning og i tilknytning til utmålet for Nøklings Gang, og det var og like langt og breitt som det.

Den 16. juni, 1884, haldt utmålsforretningane med Bachke fram:

  1. Hatledals Grube på garden Tverborgvik, i Hatledalsfjellet.

Rekvirent: Hr. Lars Eriksen frå Haugesund.

Førekomsten var kvartsdrummar og -nyrer i skifrig bergart med grønsteinsgongar. Strøket gjekk frå nordaust til sørvest. I kvartsen fann ein kopar og svovelkis. På toppen av Hatledalsfjellet ligg det ei større blokk, og i denne vart det slege inn eit kors og ein W. Derifrå vart det målt ut 175 m mot sørvest og 25 meter til begge sider.

Den 29. august, 1884, var Bergmeister Bachke tilbake på Lykling, og desse utmåla vart gjevne:

  1. Bachkes Gang på Uren og Tverborgvik sin grunn.

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Forekomsten var kisimpregnasjonar med kvartsdrummar som i Oscars Grube. Strøket er frå sør mot nord. Frå merket som er utgangspunkt i utmålet til ovafornemnde gruve, vart det målt ut 90 m mot nord og 85 meter mot mot sør, og mot vest frå endepunkta 50 m.

  1. Anvisning i Urens udmark, i ein liten dal aust for «Resagravhaugen»

Rekvirent: Thore Olsen Uren.

Forekomsten var kisimpregnasjonar i eit skifrig belte strykande nordaust-sørvest. På grunn av at førekomsten kanskje ville bli slukt av Yorks Gang, vart forretninga utsett.

Den 30. august, 1884, ha1dt utmålsforretningane fram:

  1. Wergelands Gang i «Rævurshaugen» på garden Uren.

Rekvirent: Hr. O. Olsen og medeigarar.

Førekomsten var skifrige lamellar og kvartsrik gabbro med kisimpregnasjonar med strøk frå aust mot vest. Omlag 36 m nord for den staden der forekomsten er blotta, var det slege inn i fast fjell ein bolt. Derifrå vart det målt ut 125 m mot vest, mot nord 36 m og mot sør 34 m.

  1. Bellmanns Gang på garden Uren

Rekvirent: Hr. O. Olsen og medeigarar.

Førekomsten var skifrige parti i gabbro som førte kisimpregnasjonar. Frå varden som dannar den vestlege grenselinja for utmålet til Wergelands Gang, vart det målt opp 50 meter og slege inn ein bolt. Frå den vart det målt ut 125 m i same retning mot vest, der det og vart slege inn ein jernbolt. Til kvar side vart det utmålt 25 m.

  1. Holbergs Gang på garden Uren.

Rekvirent: Hr. O. Olsen og medeigarar.

Kvartsdrummar og kvartsnyrer med svovelkis i eit skiferparti i gabbro utgjer førekomsten. Frå den lina som dannar vestre grense for Bellmanns Gang sitt utmål, vart det målt ut 175 m mot vest over den staden der forekomsten er blotta. Nord- og sørover vart det målt 25 meter.

Den 1. september 1884, vart desse utmålsforretningane gjort under leiing av Bergmeister Bachke:

  1. Uragangen i strøket mot Kammarsbekken på garden Uren.

Rekvirent: Thore Olsen Uren.

Førekomsten er paralell og analog med Parmanns Gang. Frå den søraustre grensa for denne vart det trekt opp 175 m mot sørvest og og 50 m mot nordvest.

  1. Parmanns gang nordvest for Uragangen på garden Uren.

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Det var meldt 3 funn, to av desse var slukt av utmålet till Yorks Grube, berre det lengst sørvest var fritt. Eit fast merke vart slege inn i fjellet der ertsen var vist. Derifrå målte ein mot nordaust opp 97 m til ovafornemnde utmål, og mot sørvest 78 m. Mot søraust vart det målt opp 50 m.

Den 2. september 1884, heldt forretningane fram med:

  1. Elisabets Grube ved øvre ende av Adalsbekken på garden Uren.

Rekvirent: Joh. Jonassen.

Kvartsårar og –nyrer i eit skifrig parti i gabbroen utgjorde forekomsten. Skiferen hadde terningar av kis, og strøket gjekk nordaust-sørvest. Sørvest for ein 2 m djup synk vart det slege inn ein bolt og deifrå vart det målt 25 m inn til «den ved Slaattejacoben opdæmmede Dam», og mot sørvest 150 m. Til sidene vart det gjeve 25 m.

  1. Ertsanvisning ved Brakebergmyren nær Risvik på garden Tverborgvik.

Rekvirent: Hrr. Landhandler I. Jørgensen.

Ertsforekomsten var ein kvartsgong med svovelmetallar strykande nord-sør i eit skifrig belte i gabbro. Den kunne følgjast 60 m. Ved funnstaden vart det slege inn 3 boltar, og derifrå var det målt 80 m nordover langs strøket og 200 m sørover.

  1. Helgenæsbakkens Ertsforekomst nr. 1 nær Risvik på garden Tverborgvik.

Rekvirent: Hrr. Landhandler I. Jørgensen.

Fleire kvartsnyrer med kisimpregnasjonar utgjorde forekomsten. Rett vest for funnstaden vart tre jernboltar sette, og det vart målt ut 20 m mot Nord, 125, 8 m mot sør, 40 m mot aust og 20 meter mot vest.

  1. Helgenæsbakken Ertsforekomst nr. 2 ligg nær nr.1.

Rekvirent: som over.

Førekomsten var som ovafor, men hadde innslag av serpentin og grønstein. Gull var påvist. Tre boltar vart sette 16 m sør for hovudskjerpet og deifrå vart det målt 29 m mot sør, 116, 8 m mot nord, 40 m mot aust og 20 mot vest.

  1. Vogts Gang 18 m vest for ovafornemnde forekomst.

Rekvirent: Hrr. Landhandler I. Jorgensen.

Kvartsdrummar og skiferparti med kisimpregnasjonar utgjorde førekomsten. Der den var blotta vart det slege inn tre jernboltar, og det vart målt 65 meter mot nord til bøgjerdet ved Risvik, mot sør 35 m, mot aust 18 m og mot vest 69,5 m.

35-*Risvigsaatehaugen nr. 1 på garden Tverborgvik

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubecompagnier

Sporadiske kisimpregnasjonar i eit skifrig parti med kvartsstriper og -årar strykande mot nord-nordaust til sor-sorvest. Like under toppen på Risvikesåtå vart det sett ein jernbolt, og derifrå vart det målt mot nord-nordvest 75 m, mot sør-sørvest, mot aust–søraust 10 m og mot vest-nordvest 40 m.

  1. *Risvigsaatehaugen nr. 2. på garden Tverborgvik

Rekvirent : som ovafor.

Kvartsårar i gabbro strykande nord-nordaust til sørsørvest som viste spor av kisimpregnasjonar utgjorde forekomsten. Det vart sett ein jernbolt og ein Q i fast fjell ved funnstaden, og deifrå vart det målt 65 m mot nord-nordaust, 100 m mot vest-nordvest, 10 m mot aust– søraust og 40 m mot sør-sørvest.

  1. Gapleskoghaugen på garden Tverborgvik.

Rekvirent: som ovafor.

Ein kvartsgong strykande frå nord til sør i gabbro som ved gongen innehaldt ein del kis. Forretninga vart utsett fordi sakførar Thoresen på Oscarcompagniet sine vegne påsto at dei hadde ein eldre rett.

  1. Tjensvold Grube nær «Slatte Jacoben» i utmarka til Uren.

Rekvirent: Herr overrettsagfører Finne.

Ertsførekomsten var kvartsstriper i eit skifrig belte med spor av kis, strykande sør 40 grader vest. Tjuefem meter nordaust for skjerpet vart det slege inn to jernboltar, og derifrå vart det målt mot sør 40 grader vest 175 m, mot nordvest 15 m og mot søraust 35 m.

Den 3. september, 1884, vart desse utmåla gjevne under leiing av Bachke:

  1. Ertsanvisning nordre side av Djupeviken på Uren.

Rekvirent: Hr. Overretsagfører H. Finne.

Førekomsten var eit skilfrig belte i gabbro med kvartsdrummar, koparkis og svovelkis med kalkspat. Strøket gjekk frå sør mot nord. Ein jernbolt vart slege inn i fast fjell, og derifrå vart det målt 15 m sørover til sjøen, mot nord 85 m og 40 m til kvar side.

  1. *Klobergs Gang under Uren

Rekviret: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Forekomsten er eit skifrig belte med kisimpregnasjonar i gabbrotruleg strykande frå nordaust mot sørvest. Frå eit kryss i fjellet vart det målt 25 m ned mot sjøen, og 100 m mot nord. I breidda går utmålet frå Idas Grube sitt utmål og mot nordvest til det er 8750 kvadratmeter utmålt.

  1. * Søndre Kammarkloven under Uren.

Rekvirent: Hr. Skipper L. J. Ohm.

Ertsforekomsten låg sørvest for Kloberg Grube og var kvartsgongar med koparkis i eit skifrig parti i gabbroen. Utmålet vart gjeve frå sørvestre ende av utmålet for Kloberg Grube, og i same retning som dette til sjøen. Det blir og avgrensa av utmåla til Idas- og Eidsvolds Grube.

  1. *Jonassens Grube i Kammarbækken på Uren.

Rekvirent: Hr. Johan Jonassen.

Førekomsten var kvartsstriper i gabbro førande svovel- og koarkis, strykande frå sør mot nord. Seks meter sør for den staden førekomsten er blotta, vart det slege inn ein jernbolt. Derifrå vart det målt ut 12 m mot nord, 88 m mot sør, 62,5 meter mot aust til Haugesundsgangen og 25 meter mot vest.

  1. *Idas Grube i «Guldhaugen» under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten var kisimpregnasjonar i eit skifrig belte i gabbro strykande frå nordaust til sørvest. Det vart slege inn ein bolt ved nordaustre stross. Frå denne vart det målt 80 m mot sørvest, 95 m mot nordaust, 40 m mot nordvest og 10 m mot søraust.

  1. *Nils Nøklings Gang i «Staakamyren» under Uren.

Rekvirent: Herr. Oversagfører Finne.

Førekomsten var skifrige parti ved kvarts og svovelkis strykande frå vest-sørvest mot aust-søraust. Det vart slege inn 2 jernboltar ved funnstaden, og derifrå målt 30 m mot aust-nordaust til utmålet for Holbergs Gang, 145 m mot vest-sørvest, 20 m mot nord-nordvest og, mot sør-søraust 30 m.

  1. Bergs Grube aust for Haugesundsgangen under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten var eit skifrig belte i gabbro, strykande frå nordaust til sørvest, førande svovelkis. Der forekomsten er blotta vart det festa to boltar. Ut frå desse vart det målt 12 m mot sørvest ned mot «Kammarbækken», 163 m mot nordaust, 15 m mot nordvest og 35 m mot søraust.

  1. *Brages Grube nær «Brakepladsen» under Uren

Rekvirent: som ovafor.

Der førekomsten var blotta kunne ein sjå kvarts med skiferlamellar og kis. Nær funnstaden vart det slege inn to boltar, og derifrå vart det målt ut 30 m mot steingarden mellom Uren og Lykling, 145 m i motsett retning (vest-sørvest). Til begge sider vart det målt 25 m.

To dagar seinare, 5. september 1884, haldt Bergmeister Bachke fram med desse forretningane:

  1. *Anvisning på Veikjastenen i «Udslettenæsset» under

Tverborgvik.

Rekvirent: Hr. Asmund Haare på Jacob R. Olsen sine vegne.

Førekomsten låg sørvest for Vigsneskompaniet sitt utmål i nærleiken, og var kvarts med skifrige lamellar i metamorfisk gabbro. Kis var synleg og gull påvist. Det vart slege inn 5 merke i fjellet (: : ) med ein bolt i det midterste nede ved sjøen der kvartsåra såg ut til å koma fram. Frå dette merket kunne rekvirenten følgja så langt den gjekk inntil 280 m i sør-sørvestleg retning.

  1. *St. Halvards Gang ytterst ute på «Udslettenæsset» under Tverborgvik.

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Førekomsten var ei rekkje kvartsårar med skifrige parti i saussirittgabbro, strykande nordaust til sørvest. Kis var synleg. Omlag 2 m nordvest for den ytterste kvartsåra vart det sett fast ein bolt. Derifrå vart det målt 50 m mot nordaust, 145, 8 m mot sørvest, 50 m mot søraust og 10 meter ned mot havet mot nordvest.

  1. *Samsons Gang ved Høgaberget i «Udlettenæsset» under Tverborgvik.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten var kvartsårar etter ei slette i fjellet, strykande nord-nordaust mot sør-sørvest. På austsida av sletta vart det slege inn ein ring i fjellet med ein bolt i midten. Derifrå vart det målt ut 175 m mot sør-sørvest, 20 m mot vest-nordvest og 30 m mot aust-søraust.

  1. *Karl Olsens Gang i Gapleskoghaugen under Tverborgvik.

Rekvirent: Som ovafor.

Ertsforekomsten var blotta i ei lengde av 70 m og hadde strøk nord-nordaust mot sør-sørvest. Utmålet vart gjeve 280 m langs strøket frå utmålet til Nøklings Gang i sør.

  1. Stjernegangen aust for «Hundekjødnaberget» under Uren.

Rekvirent: 0. Torkilsen og H. E. Schjøtt.

Førekomsten var ei kvartsnyre med kis i gabbro. Der den er blotta vart det reist ein varde og ein jernbolt sett ned. Frå varden vart det målt 68 m mot nordaust, 107 m mot sørvest, 10 m mot søraust og 40 m mot nordvest.

  1. Synnøves Gang ved «Skautrihaugens Kjødnaberg» under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten viste spor av kis med fine kvartsårar på sletter i gabbroen. Ein varde vart reist, og ein bolt sett ned, der ertsen er påvist. Frå varden vart det målt ut 100 m mot nordaust, 75 m mot sørvest og 25 meter til kvar side.

  1. *Ganger Rolfs Gang i «Langkjødnahaugens» søre kant under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten viste seg som kvartsnyrer i eit belte mot nord-nordaust utan innbyrdes samanheng. På eit par av desse nyrene var det gravd ut ein del stein, og det var spor etter svovelkis. Ein varde vart sett vest for funnstaden, på det høgaste punktet av haugen. Frå denne vart det målt 35 m sør-sørvest mot «Langkjødnen», 140 m mot nord-nordaust og 25 meter til begge sider.

  1. Størmers Grube søraust for «Tjendsvolds» utmål under Uren.

Rekvirent: Hr. Ingenieur Størmer ved Hr. Amanuensis Vogt.

Forekomsten var kvartsårar på sletter i gabbro med små kisnyrer truleg strykande frå nord-nordvest til sør-søraust. Ved ein 2 m djup synk vart det reist ein varde og målt ut 50 meter mot nord-nordvest, 125 m mot sør-søraust, 30 m mot aust-nordaust og mot vest-sørvest 20 m.

  1. Fredriks Grube nær «Slaattejacoben» under Uren.

Rekvirent: som ovafor

Ertsførekomsten var kvartsnyrer med kis, i gabbro, i eit belte som truleg gjekk frå aust-nordaust til vest-sørvest. Ein varde vart reist aust for den blotta forekomsten, og det vart frå denne målt ut 50 m mot aust-nordaust, 125 m mot vest-sørvest, 15 m mot sør-søraust og 35 m mot nord-nordvest.

Våren etter var Bachke tilbake på Lykling. Desse utmålsforretningane vart haldne 16. april, 1885:

  1. *Kronprinsesse Victoria på Markaplasset under Uren.

Rekvirent: Hr. Asmund Haare med fleire.

Forekomsten var kvartsårar førande blyglans, koparkis, svovelkis. Nær den djupaste synken vart det slege inn fem hol (: : ) og fest ein bolt i det midterste. Derifrå vart det målt 40 m mot sør, 10 m mot nord, 60 m mot vest og 150 m mot aust.

  1. *Anvisning ved Markepladsen nær gjerdet mellom Markaplasset og Uren, rett aust for Lyderhorns skjerp.

Rekvirent: som over.

Førekomsten var kvarts og svovelkis i gabbro. Frå funnstaden gjekk utmålet 250 m mot sør, 10 m mot aust og 5 m mot vest.

  1. *Lyderhorns Gang ved siden av Olaf Kyrres Felt, ved gjerdet til Markaplasset, under Uren.

Rekvirent: Hr. N. C. Nordstrand.

Førekomsten viste kvartsårar og koparkis i ulike strøk i gabbro. Ved siden av ei lita dagstrosse vart det slege inn ein jernbolt, og frå dette merket vart det målt ut 100 m mot sør-sørvest og 87,5 m mot aust–søraust.

Den 17. april, 1885, administrerte Bachke desse utmålsforretningane:

  1. *Frithjofs Gang på Lykling og Uren.

Rekvirent: Frithjof Eide.

Forekomsten var kvartsgongar med skifrige parti i gabbro der kis var synleg. Frå der steingjerdet mellom Lykling og Uren kryssar forekomsten vart det målt 100 meter mot nord, 25 m mot sør, 50 m mot mot aust og 20 m mot vest.

  1. *Alexanders Gang sør for Frithjofs Gang, sjå ovafor.

Rekvirent : som over.

Førekomsten var analog med Frithjofs Gang, og utmålet vart gjeve frå den sørlege grensa av det forrige og 125 m langs ein kvartsgong i bakkehallinga mot sør. Breidda var 10 m mot vest og 60 m mot aust.

Den 20. april 1885, vart desse utmål gjevne under leiing av Bachke:

  1. *Oscargrubens B felt under Uren.

Rekvirent: Oscar Goldmining Company.

Frå 5 jernboltar 30 m ned frå dagen i Oscarsgruva vart det målt ut 175 m mot nordaust etter strøket og vinkelrett etter fallet 50 m mot nordvest.

  1. *Oscargrubens C felt under Uren.

Rekvirent: som over.

Frå same utgangspunkt som over vart det målt ut eit tilsvarande felt mot sørvest.

  1. Fjeldskarets Grube No. 4 i vestre «Fjeldskar» på garden Uren.

Rekvirent: Hr. M. E. Meyer.

Forekomsten var kvartsribber i gabbro med einskilde kisimpregnasjonar. «No. 4» vart hogd inn i fjellet og ein jernbolt sett opp. Derifrå vart det målt ut 25 m mot nordaust (ein varde sett opp), 75 m mot sørvest, 50 m mot nordvest og 37, 5 m mot søraust.

  1. Fjeldskarets Grube No. 2 på nordsiden av austre «Fjeldskar», paralellt med utmålet ovafor.

Rekvirent: som over.

Førekomsten er analog med den ovafor. Frå ein jernbolt og «No. 2» innslege i fjellet, vart det målt opp 45 m mot nordaust, 130 m mot sørvest, 25 m mot nordvest og 20 m mot søraust.

  1. Fjeldskarets Grube No. 1 på søndre side av austre «Fjeldskar» under Uren, 50 m søraust for Fjeldskarets Grube No. 2.

Rekvirent: som over.

Førekomsten er analog og paralell med ovafornemnde gruve. Frå ein jernbolt og «No. 1» i fjell vart det målt 50 m mot nordaust, 125 m mot sørvest og 50 m mot søraust.

Dagen etter, 21. april 1885, heldt forretningane fram:

  1. Kronprindsens Gang nord for «Skoltamyren» under Uren.

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Førekomsten var kvartsårar i eit skifrig parti i gabbro med svovelkisimpregnasjonar. Utmålet vart gjeve ut frå eit innslege kors ved ei dagstrosse. Det vart målt 83 m mot nordaust til «Vikaveien» , 17 m mot sørvest, 30 m mot nordvest og 57, 5 meter mot søraust.

  1. Kronprindsessens Gang ved «Vikaveien» syd for «Andalsbækken» under Uren.

Rekvirent: som over.

Forekomsten er analog med Kronprindsens Gang. Det vart slege inn ein bolt og ein O i fjellet og målt ut 13 m mot nordaust, 262 m mot sørvest, 15 m mot nordvest og 35 m mot søraust.

  1. Fædrenes Minde i «Stølsmyrhaugen» under Uren.

Rekvirent: A.Grønbeck på Kjøbmand Chr. Nerstads vegne.

Fordi det var tvil om forekomsten var slukt av utmålet for Bellmanns Gang vart forretninga utsett.

  1. *Præsident Cleweland sør for «Vardefjeldet» under Uren.

Rekvirent: Lars Viig.

Førekomsten var kvartsårar med skifer og kis. Utmålet vart gjeve utfrå eit kors og ein jernbolt i ein bergknaus like ved funnstaden. Det vart målt ut 175 m mot søraust, 25 m mot sørvest og 25 m mot nordaust.

  1. Sandhaugens Skjærp tett ved Markaplasset under Uren.

Rekvirent: Joh. Jonassen.

Førekomsten var kvarts og kvartsitt med skifer i gabbro. Kis var synleg. Ut frå ein jernbolt ved funnstaden vart det målt ut i nordaustleg retning 10 m til Markaplasset sitt bogjerde, 165 m mot sørvest og 25 m til begge sider.

  1. *Heimdals Gang i «Skifaviken» under Uren.

Rekvirent: Hr. A. Grønbeck på vegne av Kristiania Bømmeløselskap.

Førekomsten var ulike skiferparti med render og impregnasjonar av svovelkis i gabbro. Frå eit kors med ein bolt i midten vart det målt ut 30 m mot nord, 100 m mot sør, 25 m mot aust og 42,3 m mot vest.

72 – Erik Jarls Grube i «Hundekullerne» under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten var eit skiferparti med kis i gabbro. Ved funnstaden vart de slege inn eit kors med ein bolt i midten. Derifrå vart det målt ut 175 m mot nordaust, 25 m mot nordvest og 25 m mot søraust.

  1. Tore Hunds Gang i «Hundekullerne» under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten var eit skiferparti med kis i gabbro. Ein bolt i eit kors ved funnstaden var utgangspunkt for å måla ut 175 m mot aust–søraust og 25 meter til begge sider.

  1. *Guldregn mellom heimebøen på Uren og Markaplasset.

Rekvirent: som ovafor.

Forekomsten var kvartstriper med kis i skifer. Ved ein 2 m djup synk vart det slege inn eit kors og ut frå dette vart det målt ut 81 m til bøgjerdet ved Uren, og mot aust 50 m til bøgjerdet ved Markaplasset. Mot sør 50 meter og mot nord 16, 8 m.

  1. Erling Skakkes Gang i ein fjellknaus nordvest for «Storningen» vest for Varden under Uren.

Rekvirent: som ovafor.

Førekomsten var kisimpregnasjonar i gabbro. Ved funnstaden vart det sett eit kors med ein bolt i midten. Derifrå vart det målt ut mot nord 87,5 m, mot vest 25 m og mot aust 75 m.

  1. Magnus Barfod i «Skygningshaugen» under Uren.

Rekvirent: som ovafor

Etter rekvirenten sitt ynskje vart forretninga utsett.

  1. Håkon Jarl nord for «Stølshaugen» under Uren.

Rekvirent: Kristiania Bømmeløselskap.

Forekomsten var kvartsribber i gabbro med kis. Der ertsen var påvist vart det slege inn eit kors med ein bolt i midten. Derifrå vart det målt 130 m mot aust, 45 m mot vest, 25 m mot sør og nord.

  1. Sigrids Gang ved «Nordste…Kleven» ved «Rotakjernet» under Uren.

Etter rekvirenten (samme som ovafor) sitt ynskje vart forretninga utsett.

  1. Biskop Eisteins Gang , som Sigrids Gang utsett.
  2. Tordenskjolds Gang, som Sigrids Gang utsett.

81 – Dronning_Margrethes Gang , som Sigrids Gang utsett.

Den 22. april vart desse utmåla gjeve under leiing av Bachke:

  1. Anna ved «Ardalsbækken» i eit tverrskifte mellom Uren og Lykling

Rekvirent: C. Skalstad.

Førekomsten var kvartsribber med skifer i gabbro. Ved funnstaden vart eit kors slege inn og det vart målt 13 m mot vest til grensa mellom Lykling og Tverborgvik, mot aust til utmålet for Christines Felt (truleg 120 m), 50 m mot nord og 25 m mot syd.

  1. Christines Felt under Tverborgvik nær tverrskiftet mellom Uren og Tverborgvik.

Rekvirent: som over

Førekomsten likna på Anna (sjå over). Utmål vart gjeve frå kors ved funnstaden. Det vart målt 175 m austover, 25 m nordover og sørover.

Den 24. april, 1885, heldt Bachke fram med desse utmåla:

  1. *Gluck Auf på nordre side av «Ardalsbekken» under Tverborgvik.

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier

Førekomsten var kvartsårar som stakk opp grå gabbro «hist og her». Utmålet vart gjeve ut frå ein jernbolt ved ei kvartsåre 65 m nordaust for skjerpestaden. Frå dette merket vart det målt 110 m mot nordaust, mot sørvest 65 m, mot søraust 20 m og mot nordvest 30 m.

Den 9. oktober var Bachke tilbake på Lykling og haldt fram med utmålsforretningane :

  1. El Dorado under Uren mellom Haugesunds- og Dawgongen.

Rekvirent: S. Th. Svendsen.

Forekomsten var nokre kvartsstriper og mindre kvartsnyrer i gabbro. Nokre kisimpregnasjonar var synlege. Et eventuelt utmål kunne koma til å kollidera med gongane på sidene, og vart difor ikkje gjeve.

(På grunn av at det manglar eit ark i materialet frå Bergarkivet, er ikkje opplysningane til og med nr. 89 fullgode. Det vantar informasjon om ei ertsanvising som er kalla Leif Eriksons, og det er ikkje sikkert at desse forretningane vart gjort denne datoen. Alle desse utmåla har same rekvirent og ligg på same gard.)

  1. Admiral Nelsons i «Rullekloven».

Forekomsten var kvartsstriper og kis i gabbro. Rett vest for den var det ein grønsteingong. Eit kors og ein jernbolt vart slege inn i ein gabbroknaus. Det vart målt 125 m sørover, 50 m nordover, 10 m vestover og 40 m austover.

  1. Terje Vikens i «Espenæsset».

Forekomsten var ein «bruddstykkegang» med stykke av «sausorittgabbro» omgjeve av kvarts og med kis. Gongen stryk frå nord mot sør. Like ved ein liten synk vart det slege inn eit kors og frå dette vart det målt ut 175 m sørover, 30 m vestover og 20 m austover.

  1. Cort Adlers i «Juklabjerget».

Førekomsten viste kisimpregnasjonar i eit skifrig parti med ei større kvartsnyre avgrensa av gabbro i aust. Aust for kvartsnyravart sett eit kors og det vart målt ut 175 m sørover, 30 maustover og 20 m vestover.

  1. Einar Tambarskjelve i «Skibmandshaugen» sør for Admiral Nelsons.

Rekvirent: Hr. G. von Krogh (overdrege frå Hans Aarstensen Tverborgvik)

Førekomsten viste ein mindre kvartsgong med kalkspat og spor av koparkis. Eit kors vart slege inn og det vart målt 30 meter sørover mot eit bøgjerde, 40 m mot aust og 10 m mot vest. I nord vart grensa ved utmålet til Admiral Nelsons ertsførekomst.

Den 22. juni, 1886, er det Bergmeister i det Trondhjemske Bergdistrikt, P. Holmsen, som har teke over utmålsforretningane på Lykling:

  1. Ertsanvisning i Fladenæs under Tverborgvik.

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Fem meter søraust for det melde punktet vart det slege inn eit kors med ein jernbolt i midten. Frå det melde punktet vart det målt 110 m sørover til eit eldre utmål tilhøyrande Oscarcompagniet. Resten av utmålet vart gjeve nordover langs strøket (totalt 280 m).

  1. Ertsanvising ved Tverborgviks austre bøgjerde.

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Punktet som var meldt vart merkt med C. B. , og vinkelrett på skiktflatene vart det målt 10 m mot aust, der ein jernbolt vart fest. Frå denne vart det målt 40 m mot vest og 110 m mot sør og nord.

  1. Ertsanvisning ved Smeltrighaugen under Uren.

Rekvirent: Hr. J. Frøchen ved Hr. C. Brown.

Førekomsten var eit tilnærma samanhengjande belte av ein kisimpregnert bergart. Ved det melde punktet var det slege inn C. B. og derifrå vart det målt ut 190 m nordover og 90 meter andre vegen etter strøket.

  1. Ertsanvisning C. B. under Uren.

Rekvirent: som over.

Førekomsten liknar den som er omtala over. Det melde punktet var merkt med C. B. og derifrå vart det målt 10 m mot aust til utmålet omtalt ovafor og mot vest til utmålet for Haugesundsgongen.

94.*Ertsanvisning Tverborgvik på «Præstebaaden».

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Etter rekvirenten sitt ynskje vart forretninga avlyst, fordi han ikkje kunne avgjera kva retning utmålet skulle liggja.

Dagen etter, 23. juni 1886, heldt Holmsen fram med desse utmåla:

  1. *Engel Nilsens gang i «Galpa-skogmyren» under Tverborgvik.

Rekvirent: Engel Nilsen & Co.

Det melde punktet var merkt med E.N. to stader med 2 meters mellomrom. Frå det nordvestligste merket vart det målt ut 80 m langs strøket mot sørvest til vatnet, resten av utmålet, til 280 m , vart gjeve i motsett retning.

  1. Syvert Johannesens Grube aust i «Kattaskogmyren» under Tverborgvik.

Rekvirent: Syvert Johannesen.

Fem meter frå det meldte punktet vart det sett inn ein bolt. Frå meldepunktet vart det målt 95 m etter strøket sørvestover til C. Brown sitt utmål vestre kant av «Mekjærkjønnen». Resten vart gjeve i motsett retning inntil 280 m dersom det ikkje er i konflikt med eldre utmål i Hatledalsfjellet.

  1. Anvisning i vestre kant av Mekjærkjønnen under Tverborgvik.

Rekvirent: C. Brown for J. Frøchen.

Det meldte punktet var merkt med ein B. , og frå denne vart det målt ut 20 m vestover, 80 m austover og 85 m sørover.

  1. Anvisning ved vestre kant av Mekjærmyr under Tverborgvik.

Rekvirent: som ovafor.

Det var hogd inn ein A ved funnstaden og derifrå vart det målt ut 40 m austover, 107 m nordover og sørover.

99 – Anvisning vest for Mekjærmyr under Tverborgvik.

Rekvirent: som ovafor.

Ein A var hogd inn i ei klippe og derifrå vart det målt opp eit 290 m langt og 30 m breidt utmål (retningane er usikre).

  1. Anvisning i Mekjærmyrshaug under Tverborgvik.

Rekvirent: som ovafor.

C.B. var slege inn ved funnstaden og det vart derifrå målt ut 40 m nordover, 90 m vestover, 30 m sørover og austover.

  1. *Anvisning ved søraustre kant av Store Skukkemyr under Tverborgvik (sør-sørvest for «Gangekjønnen» og nær «Hillersmyren»).

Rekvirent: Bømmeløens Forenede Grubekompagnier.

Ved det meldte punktet vart det hogd inn ein H. Derifrå vart det målt ut 40 m i nord-nordaustleg retning , 10 m mot sør-sørvest, 155 m med strøket mot sør-søraust og 20 m mot nord-nordvest.

  1. Anvisning ved nederste Vad ved «Havnegangs-gjærdet» på Tverborgvik ( nær Gluck Auf ).

Rekvirent: som over.

Ein jernbolt stod ved funnstaden og derifrå vart det målt 46 m mot søraust, 21 m mot nordvest, 105 m mot nordaust og 25 m mot sørvest. Lengderetningane på dette utmålet og Gluck Auf-utmålet var parallelle.

  1. *Bendigo i «Fladenæsset» under Tverborgvik (sør for utmål tilhøyrande J. Jørgensen af Hisken).

Rekvirent: som over.

Ved funnstaden stod ein jernbolt og frå denne vart det målt ut 65 m sørover langs strøket, resten (totalt 280 m) vart gjeve mot nord.

Den 6. oktober, 1886, var P. Holmsen tilbake på Lykling og administrerte desse utmålsforretningane:

  1. *Anvisning i nordre ende av Langekjønnen under Tverborgvik

Rekvirent: Hr. J. Frøchen.

Fra det melde punktet som er merkt C. B. , vart det målt 80 m nordover til grensa av Store Skugjen-utmålet, 138 m mot sør og 20 m til kvar side.

  1. *Anvisning i Store Skugjen nord for «Langekjønnen» under Tverborgvik

Rekvirent: som ovafor.

Ved funnstaden var det hogd inn C. B. og derifrå vart det målt 24 m nordover (til grensa av eit eldre utmål for same rekvirent), 15 m austover, 35 m vestover og 151 meter sorover.

  1. *Anvisning ved Torvskaarhaugen i «Kjenrejdalen» under Tverborgvik.

Rekvirent : Joh. Jonassen af Haugesund.

Førekomsten var slukt av gongane i Flataneset og av Murchinsons Gang.

  1. Anvisning i Rævurhaugen aust for sørenden av «Ormehaugen» under Uren.

Rekvirent: Joh. Jonassen af Haugesund.

Utgongspunktet for utmålet låg nær funnstaden og vart merkt med eit kors og ein jarnbolt. Det vart målt 25 m nordaustover (til grensa for eit eldre utmål tilhøyrande Jacob Nilsen), 60 m nordvestover, 55 m sørvestover og 40 m søraustover.

Ut frå opplysningane frå Bergmeisteren sitt arkiv ser det ut som det har gått heile 4 år før nye utmål blir målt ut i Gullgruveområdet. Den 18. juni, 1890, vert det gjeve utmål på gruvene i Rivsik. Det var framleis P. Holmsen som hadde leiinga.

  1. *Hodkinsons Gang I. på innmarka i Risvik.

Rekvirent: The Oscar Gold Company ltd.

Ved ei 23 m djup sjakt vart det slege inn 5 hol (: : ) og gongen vart følgd nordover langs strøket inntil 280 m dersom ein ikkje støytte på eldre utmål.

109.*Hodkinsons Gang II. på innmarka i Risvik.

Rekvirent: som over.

Frå same punkt som over vart det gjeve inntil 208 m sørover langs strøket.

  1. *Hodkinsons Gang III. i nordleg retning på innmarka i Risvik.

Rekvirent: som over.

Sør i ei skakt 42 m ned vart det slege inn 5 hol (: : ) og gjeve inntil 280 meter nordover.

  1. *Hodkinsons Gang III – i sørleg retning på innmarka i Risvik. Rekvirent: som over.

Frå same punkt som over vart det gjeve utmål inntil 280 m sørrover.

  1. *Williams Gang i nordleg retning i Risvik.

Rekvirent: som over.

I austsida av dagstollen 36,5 m inn vart det sett 5 hol (: : ) og derifrå vart det gjeve inntil 280 m i nordleg retning.

  1. *Williams Gang i sørleg retning i Risvik.

Rekvirent: som over.

Frå same punkt som over vart det gjeve utmål inntil 280 m sørover.

  1. *Agnes Gang i nordleg retning rett nord for Risvik under Tverborgvik.

Rekvirent: som over.

Seks meter ned frå dagen vart det slege inn 5 hol og frå dette vart utmålet gjeve inntil 280 m nordover.

  1. *Agnes Gang i sørleg retning under Tverborgvik.

Rekvirent: som over.

Frå same punkt som over vart det gjeve utmål inntil 280 m sørover.

  1. *Hewletts Gang i nordleg retning i Risvik.

Rekvirent: som over.

Tre meter frå dagen, i ein dagstoll, vart det slege inn 5 hol ( : : ) og derifrå vart utmål gjeve inntil 280 m nordleg retning.

 

  1. *Hewletts Gang i sørleg retning i Risvik.

Rekvirent: som over.

Frå same punkt som over vart det gjeve utmål inntil 280 m sørover.