REUSCH (1988) skriv om denne gangen at den er ei «kort og plump, med kalspat opblandet, kvartsaare i hvid, kvartsporfyrisk bergart med ganske granittisk udseende».Dei gongane som låg der bekken rann ut i Risvik, var opp til 1 meter breie og hadde fall steilt mot aust-søraust.
I ein rapport frå 1887 var Flatanes Grube 35 meter djup. Den liknar Oscarsgruva med eit nettverk av kvartsnyrer og årar i alle retningar. Det er funne fleire praktfulle gullstuffar i eit skiferparti 8-10 m under dagen.
I 1897 og året etter var Flatanes den einaste gruva som var i drift. Det var då The Bremnes Gold Company lim. som dreiv.