Rundt det staselege direktørhuset på Verket, vart det laga ein fin hage, den heiter Blyttahagen den dag i dag. I følgje Karl Jensen (pers. med., 1988), som vaks opp på Verket på slutten av gruvetida, var det eit høgt plankegjerde rundt hagen. Vegen mot Gapelskog gjekk rett forbi på vestsida av huset, no går kommunevegen rett over det som ein gong var vinkjellar m.m. Huset låg like inn til Stemmen, og hadde glasveranda ut mot den. I vatnet var det sett ut aure og piler (andefugl), og direktørfamilien hadde ein liten pram liggjande ved huset, som dei rodde kveldsturar på Blyttastemmen med. På andre sida av hagen var det ein fontene med vatn frå Steinståstemmen. Derifrå hadde dei og innlagt vatn i funksjonærhuset og direktørbustaden. Engelskmennene prøvde å få ulike framande planter til å veksa i hagen sin. I dag ser ein ei gamal, vindsliten edelgran og nokon større lønnetre som truleg er planta av direktørfamilien. Ellers er det restar av gullregn, svensk asal og kastanje som truleg er etterkomarar etter innførde planter. Karl Jensen fortel vidare at der stod ein svær gullregn ved fontena, og ein blodbøk på kvar side av inngongspartiet. Der var det og flaggstenger til norsk og engelsk flagg. Mot sørvest var det eplehage og mot nordaust bærbuskar. Ved dei sistnemnde stod det vaskehus, toalett og vedhus. Langs med plankegjerdet skal det ha vore planta mange ulike tretypar og rundt fontena var det grasplen.