Heilt vest i landet, midt mellom Bergen og Stavanger, ligg øya Bømlo. På vestsida av Bømlo, like sør for Kuleseid-kanalen, finn du bygda Lykling.
Lykling har i dag rundt 150 innbyggjarar, men har til tider hatt stor aktivitet som har trekt mange fleire enn dei fastbuande te gards.
Hordalands trulig største klebersteinbrot ligg på Lykling. Her vart det på 1100-1300-tallet henta ut steinblokker til blandt anna middelalderkyrkjene i Bergen. Spor etter denne aktiviteten ser ein både i fjellet ved bruddet og på haugane av restar som ligg rundt.
Fra 1883 til 1910 føregjekk det ein anna aktivitet på Lykling som sikkert er meir kjent for folk flest. Utvinning av gull førte ein periode til reine Klondike-stemningen der tilreisande fra både fjern og nær kom til Lykling for å ta del i «eventyret». Grunnmurar etter store byggverk, fundament til jernbanar, demningar til vannmagasin, kai-anlegg for utskiping og utallige gruver av ulike størrelsar er tydelege spor etter det som utspant seg her.
På denne nettsida er det samla informasjon og dokumenter som fortel om Lyklings historie og om Lykling den dag i dag.